Hopp til hovedinnhold
Årsrapport | Voss

Home-Start Voss Årsrapport 2025

Publisert 23. januar 2026

Har du spørsmål om årsrapporten? Ta kontakt med Voss.

Illustrasjonsfoto: Home-Start Norge

Sammendrag av rapporten

Nok eit år er omme og mykje har skjedd sidan sist. To førebuingskurs er gjennomført og 11 flotte familiekontaktar har fullført. Mange familiar har fått gleda av å få besøk av ein frivillig familiekontakt som har brakt glede og hjelp for småbarnsfamiliar. Tilbakemeldingane er positive både frå familiar og frivillige, men også andre som tykkjer at dette er eit supert tilbod.

Det har blitt brukt ein del tid og ressursar på markedsføring og rekruttering av frivillige. Å bli frivillig i Home-Start er ein gjevande jobb, men det krever også tid, engasjement og forpliktelse. Slike frivillige veks ikkje på tre, så jobben med å rekruttere dei er ikkje alltid like enkel. Det å vise fram tilbodet både i sosiale mediar, henge opp plakatar og generelt vise seg fram i sosiale arenaer er difor ein viktig del av jobben som koordinator har. Sosiale treffpunkt og samlingar for frivillige er også viktig for å vise at det frivillige arbeidet dei gjer er viktig og må setjast pris på.

Henvendingane frå familiane kjem som regel frå familiane sjølve, men også gjennom barnevern, helsestasjon og andre kommunale instansar. Erfaringa er at når det er familien sjølv som har meldt behov er motivasjonen best for å motta støtte frå Home-Start. Utfordringane i familiane er som regel at dei har lite nettverk rundt seg eller at foreldra har helsemessige utfordringar, men det er også aleineforeldre som ynskjer eit par ekstra armar eller familiar som ynskjer hjelp til integrering. Sidan oppstart i august 2024 er det kome inn til saman 18 henvendingar frå familiar. Av desse er det 6 oppdrag som vart avslutta i 2025 og 4 oppdrag som fortsatt er pågåande. 5 familiar ventar på familiekontakt og 3 familiar har ikkje høyrt av seg etter fyrste kontakt.

Home-Start har vore med på fleire arrangement for familiar, der Kirkens Bymisjon (driftsansvarleg for Home-Start Voss) har vore medarrangør. Arrangementa er populære og lågterskel for alle familiar, og ein fin stad og møte og glede familiar med ulike aktivitetar. Home-Start har også prøvd om det har vore interesse for barseltreff, og vil fortsetje med det på nyåret.

Vegen vidare vil vere å få tak i nye frivillige, ta vare på dei frivillige som er i Home-Start Voss, følgje opp noverandre koblingar og koble nye familiar til frivillige. Det er fortsatt mange som ikkje har høyrt om tilbodet, så kontinuerleg markedsføring vil også vere nødvendig.

Koodinator ser fram til eit nytt år med nye og «gamle» familiekontaktar og familiar, kjekke aktivitetar for barn og unge og vidare samarbeid med nære og fjerne.

1.0 Fakta om Home-Start

Home-Start er et forebyggende og frivillig familiestøtteprogram. Organisasjonen ble etablert i England i 1973 av Margaret Harrison. I Norge ble den aller første avdelingen opprettet i 1995, og et nasjonalt kontor (Home-Start Norge) ble etablert i år 2000. Home-Start Norge er en del av det verdensomspennende nettverket Home-Start Worldwide (HSW), som skal godkjenne alle land som ønsker å arbeide med Home-Start. For tiden tilbyr 20 land Home-Start, og de må alle følge HSWs retningslinjer for konseptet.

Home-Start Norge består av 4 stillinger, som er fordelt på generalsekretær, markeds- og kommunikasjonsansvarlig, spesialrådgiver og seniorrådgiver. I tillegg har kontoret en 50 % prosjektstilling. Kontoret har ansvar for oppfølging av de lokale avdelingene som i 2025 har bestått av 49 ulike enheter. I tillegg arbeider kontoret for etablering av nye avdelinger og bistår i etableringsfasen. Styret til Home-Start Norge består av 7 medlemmer som blant annet skal godkjenne alle nye avdelinger, og inngå samarbeidsavtale med disse. Home-Start Norge er en nettverksorganisasjon som mottar driftsmidlene fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

Hver Home-Start avdeling ledes av en lønnet koordinator med relevant fagbakgrunn. Koordinator rekrutterer og avholder kurs for frivillige som skal bli familiekontakter. Familiekontaktene må gjennomføre forberedelseskurset (på minimum 20 timer), før de blir koblet til en familie. Det er koordinators oppgave å koble familiekontakter og familier sammen, samt følge opp begge parter og veilede familiekontakten i rollen.

2.0 Historikk i lokal avdeling, visjon og mål

Home-Start er eit familiestøtteprogram for familiar med minst eit barn under skulealder. Hjelpa vert gjeven av frivillige (familiekontaktar), som må gjennom eit 20 timars førebuingskurs før kopling med familien. Målet med Home-Start er å førebygge belastningar og stress, støtte familiar på det dei meistrer og avlaste etter familien sitt behov. Visjonen til Home-Start er: «Alle foreldre i en utfordrende fase får støtten de trenger for å gi barna gode oppvekstsvilkår.»

Home-Start Voss hadde 1-års jubileum i august i 2025, og er begynt å etablere seg som eit tilbod som familiar tek i bruk. Det er fortsatt eit nokså nytt og ukjent konsept for mange, men det merkast at det er fleire og fleire som veit om tilbodet og tek kontakt for å få informasjon eller nytte seg av hjelpa. Målet det siste året er å få hjulene i gang, informere innbyggjarane om tilbodet og kurse nye frivillige, samt koble familiar med familekontaktar. Det har blitt jobba ein del med markedsføring, rekruttering av frivillige og oppfylgjing av både familiekontaktar og familiar.

3.0 Målgruppe

Tilbodet er for småbarnsfamiliar med minst eit barn under skulealder og for familiar som sjølve ynskjer hjelp. Hjelpa vert gjeven av frivillige (familekontaktar) over ein periode på ca ½ år, 2-4 timar i veka. Dei frivillige ynskjer å bidra til å støtte familiar i ein sårbar fase. Dei frivillige må ha foreldreerfaring eller erfaring med barn, dei må gjennomføre eit 20 timars førebuingskurs, levere politiattest og signere taushetserklæring.

Dei aller fleste henvendingar kjem frå familien sjølv, men det har også kome nokre frå andre kommunale instansar.

4.0 Organisering av avdelingen

4.1 Driftsansvarlig

Home-Start Voss er drifta av Kirkens Bymisjon og ligg under verksemda som heiter barn og familie. Kirkens Bymisjon sin visjon er at alle menneske erfarar respekt, rettferd og omsorg, som skal gje retning i alt arbeidet ein gjer, og skal styre handlingane og haldningane våre. Desse verdiane speglar seg godt i verdiane Home-Start har, som er respekt, likeverd, meistring og glede.

4.2 Personalsituasjonen

Koordinator er ansatt i 80 % stilling og er einaste tilsette i avdeling Home-Start Voss.

4.3 Ressursgruppen

Ressursgruppemøter som har vore avhaldt:

17.februar: Orienteringsmøte.

26.mai: Oppdatering/plan vidare.

29.september: Oppdatering/plan vidare

8.desember: (Vart avlyst grunna sjukdom). Koordinator sendte ut referat/powerpoint.

Nytt møte er planlagt på nyåret.

Møtene har vart i ca 1 time og innhaldet har stort sett vore oppdatering av Home-Start så langt, aktivitetar som ha vore gjennomført og kva planen vidare er. Ressursgruppa er positive og er ei god støtte å ha. Det har vore ymse oppmøte på enkelte representantar, men som regel møter minst 3 stk.

Ressursgruppa består av:

• Christina Løno, politisk representant.

• May Røssland, politisk representant.

• Kjetil Nordstrøm, leiar for barne- og familietenestene.

• Nina Helgaset, leiar for helsestasjon.

• Maries Custers, representant for familiekontaktane.

• Trine Teigen Rekve, koordinator i Home-Start Voss.

5.0 Økonomi

5.1 Driftsmidler

Home-Start er eit fagleg og økonomisk samarbeid mellom Kirkens Bymisjon og Voss herad. Tilskotsmidlar vert overførte i si heilheit til Kirkens Bymisjon ved tilsetjing av koordinator:

År 2024: 1.000.000

År 2025: 1.000.000

År 2026: 1.000.000

Skjermbilde 2026-01-23 104546.png

5.2 Legatmidler/øvrige tilskudd

Kr. 20 000 – Gjensidigestiftelsens jule og vinterdonasjon.

Midlane skal brukast på leikeland, bowling, kino, gåvekort Amfi og Vossabadet. Dette er aktivitetar som skal kome barn og unge til gode i vinterhalvåret.

6.0 Statistikk over aktivitet på avdelingen

6.1 Forberedelseskurset

Antall forberedelseskurs: 2
Nye familiekontakter totalt: 11

Det fyrste kurset starta i november 2024 og var ferdig januar 2025. Der var det 7 kursdeltakarar som fullførte kurset. På det andre kurset som var hausten 2025 var det 4 av 5 av deltakarane som fullførte.

Kursdeltakarane melder tilbake at kurset har vore nyttig med relevante og interessante tema. Dei lærte mykje om seg sjølv og av kvarandre, gjennom refleksjonar og diskusjonar, samstundes som det er kjekt og sosialt. Ein blir meir bevisst eigne haldningar og verdiar og ein får øvd seg på ulike scenarioar som kan dukke opp i oppdrag hjå familiane.

Koordinator får også høve til å bli godt kjent med dei frivillige som er viktig for å finne ein best mulig match til ein familie.

6.2 Familiekontaktene

Totalt antall aktive familiekontakter, som har vært/er koblet til en familie

9
Totalt antall familiekontakter: 11

Familiekontakter med/uten egne barn

Med egne barn (91%)
Uten egne barn (9%)

Nåværende yrkesstatus

Kjønns- og aldersfordeling

Menn
Kvinner

6.3 Familiene

Totalt antall familier med oppdrag

10

Familier fordelt på innvandrerbakgrunn

Ingen i familien har innvandrerbakgrunn (90%)
Noen i familien har innvandrerbakgrunn (10%)
Familier bor på transitt- eller asylmottak: 0
Familier følger introduksjonsprogram for bosatte flyktninger: 0

Familier fordelt på foreldrenes sivilstatus

Gift / samboer (73%)
Ugift / enslig (*Aleneforelder) (27%)

Antall barn

19

Aldersgruppe barn

0-2 år (42%)
3-6 år (32%)
7-12 år (26%)
13-18 år (0%)

6.4 Utfordringer i familiene

Utfordringer i familiene

6.5 Støtte til familiene

Ønsker hjelp og støtte til

Nettverk rundt familien som kan bistå

6.6 Henvendelsen

Totalt antall henvendelser

14

Hvem tok kontakt med HSF

6.7 Oppdraget

Totalt antall oppdrag

10

Varighet på gjennomførte oppdrag

0-6 mnd (50%)
7-9 mnd (50%)
10-12 mnd (0%)
Over 12 mnd (0%)

Pågående oppdrag

4

Oppdragets oppstart

Oppdrag med oppstart før kl. 15.00 (20%)
Oppdrag med oppstart etter kl. 15.00 (80%)

Gjennomsnittlig timer på oppdrag i uka

3.7

6.8 Antall timer frivillighet

Timer totalt i oppdrag med familier: 512.5
Timer totalt på reise til/fra oppdrag: 87.05
Timer totalt på andre aktiviteter: 242
Timer totalt frivillighet: 841.6

Antall årsverk

0.5

6.9 Familienes kontakt med det offentlige

Familier som har mottatt hjelp før de startet med Home-Start, fra

Totalt antall familier som mottok annen form for hjelp/ veiledning/ avlastning før de startet med Home-Start: 3

Familier som mottar hjelp når de avslutter med Home-Start, fra

Totalt antall familier som mottok annen form for hjelp/ veiledning/ avlastning etter Home-Start: 1
Familier som mottok hjelp før Home-Start, som ikke mottok hjelp etter Home-Start: 2
Familier som ikke mottok hjelp før Home-Start, som mottok hjelp etter Home-Start: 0

6.10 Hvor fant du informasjon om Home-Start

Hvor fant familien informasjon om Home-Start

Hvor fant den frivillige informasjon om Home-Start

Data hentet 20. januar 2026 kl. 10:59

7.0 Aktiviteter: Kurs, konferanser og samlinger

7.1 For koordinator

11.mars: Nettverkssamling i Øygarden.

IMG_1201.jpeg
Vertskapet ynskjer velkomen til sosial og fagleg samling

25.-27. august: Home-Start koordinatorkonferanse på Gardermoen.

IMG_2616.jpeg
IMG_2619.jpeg

23. oktober: Følgesvenn-konferanse i Bergen.

IMG_3208.jpeg
Flinke Gunn frå Bergen
IMG_3220.jpeg
Snakkar om Følges-venn prosjektet
IMG_3212.jpeg

11. desember: Juleavslutning for alle frivillige i Kirkens Bymisjon, Region Vest.

7.2 For familiekontakter

22.januar: Siste kurskveld av fyrste førebuingskurs.

IMG_0961.jpeg
Glad gjeng etter gjennomført kurs

27. mars: Sosialt treff for familiekontaktane.

15.mai: Sosialt treff/sommaravslutning for familiekontaktane (feiring av familiekontaktanes dag

som var 8.mai).

IMG_1316.PNG
Hipp hurra for Home-Start Norge 30 år!

9. september: Oppstart av haustens førebuingskurs

22. oktober: Siste kurskveld av haustens førebuingskurs

30.oktober: Frivilligsamling i Bergen.

IMG_2619.jpeg
Mange flinke frivillige i KBM
IMG_3286.jpeg
Vossgjengen kosar seg

27.november: Sosialt treff for familiekontaktar.

11.desember: Julebord for tilsette og frivillige i Kirkens Bymisjon Voss.

7.3 For familier

15. april: Familiedag i Prestegardsmoen (Kirkens Bymisjon var medarrangør).

Familiedag med diverse aktivitetar. Søppel-plukking langs strandkanten, besøk av «Turbo» (maskoten til DNT), barna kunne låne og teste utstyr frå Skattkammeret, grilling, utdeling av påskeegg til alle flinke barn som hadde plukka søppel.

FullSizeR1.jpg
Familiedag i Prestegardsmoen
IMG_1406.jpeg
To glade kollegaer

7. mai: Borna sin dag (Kirkens Bymisjon var medarrangør).

Utlån av utstyr (sykkel, sparkesykkel, rulleskøyter mm.) frå Skattkammeret, barna kunne så solsikkefrø i små potter (Voss Hagelag), hot-dog, rebus+ andre aktivitetar, «Turbo» hoppa i fallskjerm.

IMG_1590.jpeg
Tubo i farta!
IMG_1596.jpeg
Turbo spreier glede for store og små!

6. september: Frivilligdagen på Voss

Frvilligdagen på Voss er eit arrangement der frivillige lag og organisasjonar kan få mogelegheita til å vise seg frå. Vangsgata vert stengt for trafikk og opna for stand, aktivitetar og liv. Denne dagen stod Home-Start og Kirkens Bymisjon på stand med kaffi, sjokolade, brosjyrer og hadde aktivitetar som ansiktsmåling og sykkel-løype. Elles var det flust av andre aktivitetar både for born og vaksne, strålande sol og yrande folkeliv.

IMG_2789.jpg
IMG_2722.jpeg

9. august: Aktivitetsdag i Bømoen (Kirkens Bymisjon var medarrangør).

Ein flott dag i Bømoen der barn kunne prøve klatring, rulleskøyter, sykkel eller sparkesykkel. Det var satt opp gratis skyss frå Røde Kors og bussen var bra oppfylt av barn og vaksne som ville leika seg i Bømoen denne dagen. Alle kunne ta med seg mat til grilling, og Voss fallskjermklubb stilte med salat. Ein kjekk dag med leik og moro og mange fornøyde barn og vaksne.

IMG_2457.jpeg
Testing av rulleskøyter.
IMG_2452.jpeg
Uten mat og drikke, duger helten ikkje!
IMG_2450.jpeg

10. november: Aktivitetsdag i Granvin (Kirkens Bymisjon var medarrangør).

Denne dagen var det planleggingsdag for barnehagar og skular i heradet, og det vart laga til aktivitetsdag i Granvin med mellom anna Voss Frivilligsentral, Røde Kors og Granvin Båtlag. Stort oppmøte av familiar som ville finne på noko kjekt denne dagen. Her kunne barn og vaksne vere med ut i båt og dra opp garn, teste fiskelykka frå brygga, grille pølser på bål og elles andre aktivitetar på land.

IMG_08751.jpeg
IMG_3351.jpeg

Desember: Barseltreff (Home-Start Voss).

Etter etterspurnad frå Home-Start foreldre i barselpermisjon laga koordinator til barseltreff i Kirkens Bymisjon Voss sine lokaler. Eit lågterskel tilbod der foreldre som er heime med barn kan koma for å møtast, drikke kaffi og få noko lite å bite i. Tilbodet vart delt i ei gruppe på facebook av ein «Home-Start»- mor og det møtte to mødre med kvar sin baby, som var veldig positive til å ha ein slik stad å møtast på. Dette vil koordinator prøve å få til fleire gonger i løpet av 2026, kanskje 1 gong i månaden. Dette vil vere ein fin areana å rekruttere eller informere foreldre om Home-Start, samstundes som barn og foreldre kan møte andre i same livssituasjon.

8.0 Samarbeidspartnere

Voss herad. Koordinator har vore i kontakt med fleire av dei kommunale hjelpeapparata. Voss helsestasjon, Voss barnevern og Barne- og familiehjelpa er behjelpelege både med formidling av Home-Start konseptet, men også å få innsikt i kva hjelp dei kan bidra med dersom familiar har behov for det.

Ressursgruppa til Home-Start Voss er ein viktig samarbeidspart, då dei kan formidle vidare både politisk og til rette hjelpeapparat om kva som rører seg i Home-Start Voss, både suksesshistoriar og utfordringar som dukkar opp.

I Kirkens Bymisjon Voss har koordinator sine næraste kollegaer. Sjølv om me jobbar med forskjellege tiltak, er dei ein viktig støtte og bidrar til ein god arbeidskvardag.

Home-Start nettverket har vore og er viktig for Home-Start Voss. Her kan ein dele erfaringar, lære av kvarandre og få hjelp og støtte når ein treng det.

Samarbeidspartnarar med Kirkens Bymisjon Voss, i forbindelse med aktivitetsdagar mm.:

Voss Røde Kors.

Voss Frivilligsentral.

Voss Utferdslag, DNT ung, Borna sitt turlag.

Voss herad.

9.0 Tilbakemeldinger fra familier og familiekontakter

9.1 Sitater fra familier og familiekontakter

Ein familie med lite nettverk i nærleiken satt stor pris å få avlasting frå ein familiekontakt. I ein travel kvardag med jobb, helseutfordringar og eit barn som krevjer sitt, var det godt å få tid til berre å sitje å prate og planlegge veka og tida fram til ny baby skulle kome til verda.

Når familiekontakten er på besøk får eg og mannen min tid til å snakka saman i fred og ro.

Mor til snart to.

Ein familie med lite nettverk i Noreg ønska seg ein ekstra voksenperson for barnet sitt. Nokon å prate med, gå tur med og vere saman med.

Sønnen vår har ikkje bestemødre, berre ein bestefar som bur i heimlandet, så me er veldig takknemlege for å få ei reserve-bestemor.

Mor i oppstarten av oppdraget.

Ei mor med lite nettverk på Voss som hadde god hjelp av ein familiekontakt som henta i barnehagen, hjelpte med lekser og var ein god samtalepartnar både for mor og barna hennar.

Det er godt å ha ein ekstra person som kan vie sin oppmerksomhet til borna, så det blir mindre krangling og eg slepp å kjefte heile tida.

Aleinemor

Ei mor med to små som ikkje var begynt i barnehagen hadde god avlastning av familiekontakten som kunne ta med seg barna ut på leikeplassen, hjelpe med måltid eller gå på tur, så ho fekk gjere ting utan å heile tida å fokuset på sine to små.

Familiekontakten har vore til god hjelp. Me har fått gjort mykje uteståande oppgåver/arbeid. Borna lyser opp og spring til døra når ho kjem.

Mor

Far, som i utgangspunktet var litt skeptisk til Home-Start konseptet, var veldig fornøyd med å få hjelp av den frivillige. To ekstra armar og eit stort hjarte som var ein god støtte i perioden familiekontakten var på besøk.

Det har gått over all forventning. Litt for godt til å vere sant.

Far etter avslutta oppdrag

Borna mista si gode bestemor, og familien ønska seg ein vaksen som kunne vie tid og oppmerksomhet til barna. Familiekontakten har tatt dei med på aktivitetar og dei har funne på kjekke ting saman.

Me ynskjer at borna våre skal ha ein ekstra vaksen i livene sine, som bryr seg og har lyst å vere med dei.

Mor/far

Familiekontakten spurte familien kva dei hadde gjort saman.

1000 ting, men det kjekkaste var at me fekk leika med lego hennar

Gutt 8 år

For ei oppleving! Eg føler meg rik på kunnskap, opplevingar og glede.

Familiekontakt etter endt oppdrag

Det har vore utelukkande ei god oppleving for meg. Familien gav meg full tillit frå fyrste stund og det har vore veldig fint og følge utviklinga til guten.

Familiekontakt

Godt med hjelp, men skulle gjerne hatt hjelp i lengre periode og i fleire timar. Håpar dette tiltaket med Home-Start kan bli større med tida, og hjelpe meir og fleire familiar

Mor etter endt oppdrag

9.2 Andre tilbakemeldinger

Tilbakemeldingane er utan tvil positive. Dette er eit tilbod som det både er behov for og som manglar i heradet. Den hjelpa familiekontaktane gjev kan bidra til å førebygge at belastningar og stress, og at ein slepp meir hjelp frå anna hjelpeapparat. Det er eit lågterskel og ufarleg tilbod som kan bidra til at familien får det litt lettare i kvardagen, men det kan også senke terskelen til å ta i mot anna hjelp, dersom det er behov for det. Det er likevel eit midlertidig tilbod, og fleire familiar har ytra at dei ynskjer hjelp ein lengre periode enn eit halvt år.

Familiekontaktane gjev tilbakemelding på at førebuingskurset både er kjekt og viktig for å vere førebudd på både store og små utfordringar som kan dukke opp i oppdraga hjå familiane. Det at det er ein «tredjepart» (koordinator), som ein kan støtte seg på, er noko dei melder tilbake som både trygt og viktig.

10.0 Rekrutteringsarbeid og mediekontakt

Rekruttering er ein kontinuerleg og utfordrande jobb. Ein vil markedsføre og framsnakke tilbodet så mykje så mogeleg, samstundes som ein må tenke på å prøve å treffe riktig målgruppe. Dei frivillige veks ikkje på tre, men dei fins, så det gjeld å finne dei på rett tid og rett stad. Home-Start passar og dei fleste, men ikkje for alle, så det er viktig å finne frivillige som både har engasjement, men også omsorg og forståelse for kva Home-Start inneber.

Koordinator postar jevnleg innlegg på Home-Start Voss si side på facebook, som er ein god rekrutteringsarena for dei det treff. Ikkje alle fylgjer like mykje med på sosiale mediar, så både lokalavisa og «Kyrkjenytt» har vore nytta. Koordinator har også hengt opp plakatar, og vore rundt med «flyers» på skular, barnehagar og andre stadar rundt i heradet. Familiekontaktane har også vore flinke til å snakke varmt om tilbodet til kjente og kjære, så «jungeltelegrafen» har god effekten.

Koordinator har også sett effekt på å invitere familiekontaktar på sosialt treff, der dei kan ta med seg ein ven som vil høyre meir om tilbodet.

Alt i alt trur eg at det er små drypp av alt det som er nevnt ovanfor som er det viktigaste. Det at folk blir meir kjende med at dette er eit tilbod som fins og at ein kan ha det i bakhovudet til «den dagen» ein vil byrje med frivillig arbeid.

Når det kjem til rekruttering av familiar opplever eg at dei kjem i takt med at tilbodet vert meir kjent i heradet. Koordinator har vore på fleire informasjonsmøter på helsestasjon og barnevernet, og dei set pris på å bli «minna på» at tilbodet fins og om korleis kapasiteten er hjå Home-Start. Familiar høyrer om tilbodet gjennom sosiale mediar, plakatar, hjelpeapparat, barnehage, skule, lokalavisa, men gjerne mest gjennom andre folk som snakkar om tilbodet. Koordinator har sendt ut informasjon til alle barnehageleiarar og rektorar i heradet, og dei fleste har formidla tilbodet vidare til foreldra.

I vår var me heldige å få med ein familie og ein familiekontakt til å stille på intervju med lokalavisa «Avisa Hordaland». Dette har fått positiv respons og familien har fått mykje skryt for å stille.

I desember arrangerte Home-Start Voss barseltreff, der Home-Start familiar med barn som ikkje går i barnehage vart inviterte. Ordet vart spreidd til fleire og det dukka opp to mødre med kvar sitt barn som fekk kaffi med noko attåt. Ein fin arena å for foreldre å møte andre foreldre i same situasjon samstundes som dei får informasjon om Home-Start. Dette var eit prøveprosjekt som hadde suksess, og vil vere ein fin arena til å rekruttere nye familiar til Home-Start.

11.0 Måloppnåelse

Førebygging er ikkje alltid like enkelt å måle, men gjennom tilbakemeldingar, antal henvendingar og etterspurnad ser me at Home-Start er viktig og at det trengs i heradet.

Målet for 2025 var å gjennomføre kurs, koble familiar og frivillige og følge opp undervegs. Det å vere synleg både fysisk og digitalt har også vore ein stor del av målet det siste året. Det er tydeleg at fleire veit om tilbodet, men også snakkar om det og tek det i bruk, og det er veldig fint.

Home-Start Voss er fornøyd med at småbarnsfamiliar i heradet har fått glede av å få hjelp og støtte frå ein familiekontakt, og ser fram til å hjelpe fleire i året som kjem.

Stor takk til alle frivillige familiekontaktar, de er verkeleg gullet i Home-Start!