Publisert 2. februar 2026
Har du spørsmål om årsrapporten? Ta kontakt med Sunnfjord.

Home-Start Sunnfjord har i 2025 gjeve tilbod til 28 familiar, der 23 familiar takka ja til støtte. I desse familiane var der til saman 46 barn. Tilbakemeldingar frå familiane er at foreldra har sett fram til dagen familiekontakt skal kome, då fekk foreldra ei lita ro over seg. Barna har gleda seg til nye fine opplevingar, frå å vere med familiekontakt på arrangement til å leike på barnerommet.
Ved utgangen av året har vi 23 familiekontaktar, der 14 av desse har i løpet av året vore knytt til ein eller fleire familiar. Mot slutten av året er det 4 familiar på venteliste. To familiar har venta nokre månadar, dette pga geografisk avstand og match.
I slutten av februar avslutta vi førebuande kurs for tre nye familiekontaktar. Eine kursdagen inviterte vi dei andre familiekontaktane. Dette var ein inspirerande kveld for dei nye familiekontaktane, der dei fekk høyre praksishistorier og refleksjonar rundt tema om å styrke familien. To av dei nye familiekontaktane blei kopla med familiar rett etter kurset.
I mars fekk Home-Start Sunnfjord beskjed frå driftar, om økonomisk innsparing. Men på tross av økonomisk innsparing, har familiekontaktane blitt invitert til 4 samlingar. Vi var med digitalt og feira 30-års jubileet på familiekontaktens dag, ein dag som rørte mange sine hjarter. Eit arrangement det var stor interesse å delta på blant familiekontaktane, var kreftforeininga sitt arrangement «stafett for livet» i Førde, men vi måtte dessverre avlyse. Vi håpar kunne delta hausten 2026. Rekruttering av nye frivillige har blitt prøvd ved å stå stand på lokalt handlesenter, «munn til munn» metoden og brukt kampanjar på sosiale media frå Home-Start Norge. Koordinator har også eit samarbeid med frivilligsentralen i Sunnfjord.
Ressursgruppa til Home-Start Sunnfjord har hatt to møter dette året.
Midlar frå Gjensidige sin «jul- og vinterglede i Home-Start» gjorde det mogleg for oss å kjøpe gåvekort på lokalt kjøpesenter, som familiar kunne kjøpe noko barna trengte eller ynskte seg. Resterande midlar blir brukt på gratis lågterskel arrangement, der familiar frå ulike kulturar og sosiale lag deltek. Dette er eit arrangement familiar i Home-Start Sunnfjord deltek på.
Home-Start er et forebyggende og frivillig familiestøtteprogram. Organisasjonen ble etablert i England i 1973 av Margaret Harrison. I Norge ble den aller første avdelingen opprettet i 1995, og et nasjonalt kontor (Home-Start Norge) ble etablert i år 2000. Home-Start Norge er en del av det verdensomspennende nettverket Home-Start Worldwide (HSW), som skal godkjenne alle land som ønsker å arbeide med Home-Start. For tiden tilbyr 20 land Home-Start, og de må alle følge HSWs retningslinjer for konseptet.
Home-Start Norge består av 4 stillinger, som er fordelt på generalsekretær, markeds- og kommunikasjonsansvarlig, spesialrådgiver og seniorrådgiver. I tillegg har kontoret en 50 % prosjektstilling. Kontoret har ansvar for oppfølging av de lokale avdelingene som i 2025 har bestått av 49 ulike enheter. I tillegg arbeider kontoret for etablering av nye avdelinger og bistår i etableringsfasen. Styret til Home-Start Norge består av 7 medlemmer som blant annet skal godkjenne alle nye avdelinger, og inngå samarbeidsavtale med disse. Home-Start Norge er en nettverksorganisasjon som mottar driftsmidlene fra Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Hver Home-Start avdeling ledes av en lønnet koordinator med relevant fagbakgrunn. Koordinator rekrutterer og avholder kurs for frivillige som skal bli familiekontakter. Familiekontaktene må gjennomføre forberedelseskurset (på minimum 20 timer), før de blir koblet til en familie. Det er koordinators oppgave å koble familiekontakter og familier sammen, samt følge opp begge parter og veilede familiekontakten i rollen.
Home-Start Familiekontakten Førde vart etablert i 2017 med Førde kyrkjelege fellesråd som driftsansvarleg. Etableringa skjedde i tett samarbeid med Førde Kommune og Helse Førde.
Frå 01.01.20 vart Førde, Naustdal, Jølster og Gaular slått saman til ein kommune, Sunnfjord, og Home-Start vart eit tilbod i heile Sunnfjord kommune.
Frå 01.01.21 overtok Sunnfjord kommune drifta av HSS, og koordinator blei då knytt til helsestasjonen sitt oppfølgingsteam.
Frå 01.03.24 overtok ny koordinator og det blei etablert eit nytt psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar, BUFA. Teamet skal vere førebyggande og behandlande psykisk helsetilbod. Home-Start Sunnfjord er no knytt til dette teamet.
Home-Start Sunnfjord si overordna målsetjing er å lette barnefamiliar sin kvardag.
Visjon: «Alle foreldre i ein utfordrande fase får støtta dei treng for å gje borna gode oppvekstvilkår.»
Målgruppa for HSS er småbarnsfamiliar med minst eitt barn under skulepliktig alder. HSS skal ikkje erstatte det offentlege hjelpeapparatet, men vere eit supplement. Vi ser derimot at HSS kan vere eit av fleire tiltak ein familie får tilbod om. I slike saker er det viktig at HSS og dei aktuelle instansane veit om kvarandre og at ein avklarar roller.
Sunnfjord kommune har ansvar for drifta av Home-Start Sunnfjord, og stillinga som koordinator, er organisatorisk knytt til Helsestasjonen, avdeling Barn Unge og FAmiliestøtte.
Randi Storhaug er koordinator for Home-Start Sunnfjord, og kombinerer denne 50% stillinga med 50% stilling som foreldrerettleiar i BUFA.
Ragnhild Stav, som var leiar i ressursgruppa for Home-Start Sunnfjord fram til juni, har vore god støttespelar for koordinator. Ragnhild har deltatt på førebuandekurs for nye familiekontaktar og på sommarsamling for familiekontaktane.
Ragnhild Stav (Den norske kyrkja)
Ruth Følling Fossen (familiekontakt)
Kari Valle (Frivilligsentralen)
Britt Kyrkjebø Aabergsbotten (politikar)
Hildegunn Knaspstad Fauske (Helse Førde/BUP)
Magni Håvardstun (Helsestasjonen)
Kristine Ørstavik (Helsestasjonen)
Randi Storhaug (koordinator, HSS)
Ressursgruppa har hatt 2 møter i 2025.
Leiar for ressursgruppa, Ragnhild Stav, måtte trekke seg frå vervet pga ny jobb. Koordinator er i dialog med kyrkjeleg fellesråd i Sunnfjord, om ny representant og vidare samarbeid.
Utgifter til løn og drift av Home-Start Sunnfjord blir dekka av Helsestasjonen sitt budsjett. Koordinator og leiar for helsestasjonen, har hatt ekstra møte angåande økonomiske innsparingar.
Home-Start Sunnfjord søkte og fekk i november 2025 midlar frå Gjensidigestiftelsen til prosjektet «jul- og vinterglede i Home-Start» Midlane på kr 20 000, gjorde det mogleg for oss å kjøpe inn 19 gåvekort på lokalt handlesenter. Desse 19 gåvekorta blei fordelt på 9 familiar. Vi ser føre oss at resten av midlane vil bli brukt til lågterskel familiearrangement, i lag med kommunen og andre organisasjonar.
Data hentet 23. januar 2026 kl. 13:04
11.mars deltok koordinator på nettverkssamling i Øygarden i regi av Home-Start Norge.
I 2025 blei det ikkje arrangert samling for familiar. 9 familiar med 19 barn, fekk gåvekort av midlar frå Gjensidigestiftinga. Mange av familiane i Home-Start Sunnfjord deltar på familielaurdagar. Dette er eit arrangement som Home-Start Sunnfjord har gitt økonomisk støtte med midlar frå Gjensidigestiftinga.
Home-Start Sunnfjord er eit resultat av samarbeid mellom Sunnfjord Kommune, Helse Førde og kyrkja i Sunnfjord. I det daglege samarbeider vi tett med helsesjukepleiarar, jordmødrer, familierettleiarar og psykologar på helsestasjonen. Vi har også samarbeid med Sunnfjord barnevern, PPT, NAV, frivilligsentral, vaksenopplæring og integrering.
Med midlar frå Gjensidigestiftinga, har det vore mogleg å vere med å oppretthalde eit veldig populært familiearrangement i Sunnfjord. Dette har vore til veldig stor glede for arrangør og mange familiar frå ulike kulturar og sosiale lag.
Samarbeidspartar som har tatt kontakt på vegne av familiar, har gjeve tilbakemelding at dei ser ei positiv endring hjå familien.
Ein gut blei så glad i å lese om Emil i Lønneberget i lag med familiekontakten sin, at han ville prøve å gjere same rampestrekar.
Vi har hatt familiekontaktar som har redda ekteskap og gjeve foreldre oppleving av å sjå lys i tunnelen.
Foreldre som har vore slitne, har vore meir sinte på barna enn dei ynskjer. Dette har ført til ein negativ spiral i atmosfæren i heimen. Men etter støtta frå Home-Start Sunnfjord har spiralen endra seg frå negativ til positiv.
Home-Start var akkurat det familien trengte no.
Ei mor var så glad ho tok kontakt med Home-Start Sunnfjord før fødsel, har vore så fint å vite at familiekontakt skulle komme å avlaste, så mor fekk kvile. Var ikkje flau over å få hjelp.
Familiekontakter meiner det er så fint å vere ein del av Home-Start Sunnfjord. Det er så gode rammer, og alltid godt å vite at dei kan kontakte koordinator.
Koordinator har stått stand på lokalt kjøpesenter i lag med kollega på helsestasjonen.
Når det er samling for familiekontaktar, blir dei minna på å bruke "munn til munn" metoden for å rekruttere nye frivillige.
Vi hadde eit mål om å vise oss med Home-Start t-skjorter på kreftforeininga sitt arrangement "stafett for livet", men måtte avlyse deltaking.
Koordinator har brukt kampanjar på SOME som nasjonalt kontor har laga.
Home-Start Sunnfjord har i 2025 gjeve støtte til 23 familiar med 46 barn, og slik gjeve viktige bidrag til å lette barnefamiliar sin kvardag- jmf pkt 2 i handlingsplanen for avdelinga.
Vi har ikkje gjeve tilbod til middag/sosiale treff for familiar i Home-Start Sunnfjord. Koordinator har sendt informasjon til familiane ang gratis arrangement i regi av samarbeidspartar. Tilbod HSS har gjeve til familiar utanom det ordinære tilbodet, er gåvekort til barna. Dette har vore mogleg med midlar frå Gjensidigestiftinga.
I tråd med handlingsplanen, blei det arrangert førebuande kurs for tre nye familiekontaktar. Elles har vi tatt vare på familiekontaktane ved å arrangere fire samlingar og koordinator som er tilgjengeleg for drøfting.
På slutten av året har vi fire familiar som står på venteliste. Tre av familiane vil bli kopla med familiekontakt i løpet av januar 2026.
Vi går inn i det nye året med seks aktive familiar.